Det å kunne gi barn håp og draumar gjennom fotballen er sentrale byggesteinar, sa Generalsekretær Karl Petter Løkken i Norges Fotballforbund. Foto: Svein Ove Eikenes

Kom nærmare den gode trenaren

I overkant av 60 trenarar, lagleiarar og andre frivillige i heile Sunnhordlandfotballen fekk med seg mykje klokt om trenarrolla og leiarskap under årets AlleMe-seminar på Stord.


Tekst og bilder: Svein Ove Eikenes

AlleMe er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre klubbane Solid, Stord og Trott. Det overordna målet er å bremse fråfallet av barn og unge, og støtta opp under frivilligheita. Det er ulike aktivitetar gjennom året, og kvar haust vert det skipa seminar med ulike tema. I år var «Den gode trenaren» gjennomgangsmelodien i Solidhuset i Sagvåg. Kjekt å sjå at mange av klubbane frå heile Sunnhordland tok turen på en vindfull haustkveld.

Generalsekretær Karl Petter Løkken i Norges Fotballforbund opna seminaret. Han var sentral på laget i dei gode åra i Rosenborg ballklubb og har over 30 landskampar for Norge. Den lune og stødige karen har og ei fin fartstid som direktør ved verftet på Stord. I Solidhuset snakka han om betydinga av å ha gode og berekraftige anlegg. Utan gode anlegg, er det vanskeleg å få til god aktivitet. Det å gi like moglegheiter til gutar og jenter, og ikkje minst kva verdiar ein må arbeide med på alle nivå; både på banen og utanfor, var eit anna sentralt bodskap. Det å vera eit godt førebilete med ein tydeleg karakter var andre perspektiv han trakk fram. Han understrekte óg kor viktig det er å byggja opp under dommaren. Undersøkingar viser at mange dommarar jamt over står i og får for mykje negativ tilbakemeldingar. Her har alle eit ansvar.
Foto: Svein Ove Eikenes

Leiar for spelar og trenarutvikling i Norges Fotballforbund, Håkon Grøttland, følgde opp med å vise at topp- og breddefotball (eller utviklingsfotball som han kalla det) heng nært saman. Skal Noreg ta nye steg og kvalifisere seg til meisterskap, er det viktigaste arbeidet det som skjer ute i alle klubbar i bygd og by. Det er her ein finn den nye Erling Braut Haaland eller Caroline Graham Hansen. Til grunn for alt arbeid gjeld det å ha med flest mogleg, lengst mogleg og ha ein sunn og klok tilnærming. Den gode trenaren er ein nøkkel i dette. Barn og unge utviklast og modnast forskjellig og den kloke trenaren ser nettopp dette. Ho legg til rette for utvikling både som fotballspelar, men ikkje minst i det å bli eit godt menneske som kan ha fotballen med seg livet ut. Grøttland viste og korleis fotballforbundet arbeider reint fagleg på landslagsnivå. No er merksemda stor på det å få fram fleire spelartypar med råskap som er avgjerande i begge boksane. Interessant og lærerikt for mange av tilhøyrarane.
Leiar for spelar og trenarutvikling i Norges Fotballforbund, Håkon Grøttland, gjekk i dybden på grunnlaget i den norske modellen for spelarutvikling og kva som kjenneteiknar den norske spelaren. Foto: Svein Ove Eikenes

Sist ut var spelarutviklar Daniel Andreassen i Hordaland Fotballkrets. På bakgrunn av eiga erfaring som trenar og spelarutviklar, og arbeid i skuleverket, over mange år og på ulike nivå, peikte vossingen på kor viktige dei vaksne er i arbeidet med barn og unge. Alle i og rundt laget er viktige. Tilhøyrsle og sosial tryggleik i grupper og lag – er ein kraft og styrke som kan forløyse mykje godt. Trenarane og lagleiarane er sjølvsagt viktige, men også foreldre og andre vaksne trengst. Jo fleire som er med på å utvikla, trygga og forma unge menneske gjennom viktige år, dess betre utvikling får ein. Relasjonskompetanse og det å kjenna seg sjølv og spelargruppa er grunnleggjande. Dei 5 F-ane var noko som festa seg hos mange i salen: Fotballfaget, Famillie, Fritid, Fortid og Framtid.

Ein fin kveld for fotball på tvers av klubbar.

Spelarutviklar Daniel Andreassen i Hordaland Fotballkrets leia ein flott økt med Sunnhordland sitt sonelag på jentesida. Rundt banen var det mange trenarar som fekk tips og inspirasjon. Foto: Svein Ove Eikenes

Foto: Svein Ove Eikenes
Den gode fotballkjempen Johannes Belsvik (88 ½ år) var på plass i Solidhuset. – Ein er aldri for gamal for å læra seg noko nytt. Ein kjekk kveld, sa han. Under seminaret fekk han låtten fram hos alle med ein herleg historie frå gamle dagar.

Undervegs var det rom for spørsmål, debatt og klåre synspunkt. Mangeårig Stord-trenar Magnar Aaland hadde fine innspel om både talentutvikling og by-bygd-utfordringar. Foto: Svein Ove Eikenes




 

Debatt
Sportskollektivet oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.