Billedtekst; Tuva Mättala (sonetrener), Morten Tislevoll (sonetrener), Geir Odland (sonetrener), John Arne Riise, Cille Nilsen og Karina Sævik. Foto: Svein Ove Eikenes

Fikk møte Toppserien profiler

Sone Sunnhordaland fikk denne helgen muligheten til å møte kjente profiler i Avaldsnes. Sjekk ut mer her.


Fra Svein Ove Eikenes har vi fått tilsendt denne saken om talentfulle jenter i Sone Sunnhordaland. 

Tekst og foto: Svein Ove Eikenes

Talentfulle jenter i Sone Sunnhordland fikk et spennende møte med Cille Nilsen, Karina Sævik og trener John Arne Riise på trening i Avaldsneshallen i dag. 20 jenter fra Bremnes, Stord, Fitjar, Solid, Trott, Rubbestadneset, Moster og Rosendal.

Det er veldig kjekt å sjå at mange klubbar har ivrige spelarar som vil utvikla seg og læra meir. Her får dei treffe andre flinke spelarar under god rettleiing.

Sjølv om det i løpet av dei siste åra har dukka opp mange akademi, fotballskular, eliteturneringar og andre tilbod, held Sone Sunnhordland stand. Me merkar at det har blitt veldig mange tilbod dei siste åra. Men me jobbar langsiktig i regi av Hordaland fotballkrets og Norges Fotballforbund, og det trur me er viktig.
Foto: Svein Ove Eikenes

Soneopplegget startar med fotballskulen på seinhausten. I år var det 80 deltakarar frå heile Sunnhordland med under øktene i november. Etter fotballskulen har me eit uttak og sit igjen med to sonegrupper med om lag 45 spelarar. Desse samlar me nokre gongar i løpet av vinteren.

Seinare i vår og til hausten skal me delta på turnering i Bergen. På bakgrunn av desse turneringane vert det tatt ut ein tropp til kretslaget. Og frå kretslaget går vegen vidare inn mot landslaget for dei aller beste. Mange kjende spelarar i Sunnhordland har vore innom sonelaget. Einar Iversen, Olaug Tvedten, Anna Jøsendal, Ida Holm Neset, Jonas Valland og Cille Nilsen er alle spelarar som har vore med på dette opplegget.

På sonesamlingane er det ulike tema knytt til det som Norges Fotballforbund kallar «Landslagsskulen». I Avaldsneshallen handla det denne gongen om å jobba med gode rørsler, skape rom, og spele seg gjennom ledd. Pasningskvalitet var og eit viktig moment. Me håpar at desse samlingane gir inspirasjon og motivasjon som spelarane kan ta med seg vidare og tilbake i klubbane.




Debatt
Sportskollektivet oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.